top of page
Musikere spiller folkemusikk, gangardans folkedans til  hardingfele under Setesdal folkemusikkfestival

Tradisjonar i tonar og dans frå hjarta av Setesdal

Forvaltning og formidling av Setesdals folkemusikk og -dans

Setesdal Spelemannslag spelar ei viktig rolle i å ta vare på og formidle den unike folkemusikken og folkedansen frå Setesdal. Gjennom aktiviteten si, inkludert opplæring, arrangement og kappleikar, bidreg laget til å halde liv i dei rike tradisjonane som har prega dalen i generasjonar.

Vil du vite meir om historia, arbeidet og tradisjonane våre?
Les meir om Setesdal Spelemannslag her.

Dans på torget l – setesdalsgangar og folkedans

Tradisjon møter fellesskap – Setesdal Spelemannslag samlar generasjonar.

Hardingfele og kveding under Setesdal folkemusikkfestival 2022, setesdalsgangar i setesdal stakke og dalebukse

Gjennom kappleikar og konserter held vi liv i Setesdals kulturarv.

Sigurd Brokke spiller munnharpe under Setesdal folkemusikkfestival.

Vi forvaltar og formidlar Setesdals unike musikk- og dansetradisjonar.

Setesdal Spelemannslag – ein bærar av lokal folkemusikk og dansetradisjon

Ved å samle spelemenn, kvedarar og dansarar, sikrar laget at kulturarven blir vidareført til framtidige generasjonar.

Setesdalslaget satsar på opplæring i spel, kveding og dans

Laget har fokus på opplæring i spel, kveding og dans. Etter at laget vart etablert, har det stått for Setesdalskappleiken, som vert arrangert kvart år i august. 

Kva skjer no? Les nyhenda våre

Setesdal folkemusikkfestival, folkemusikkvandring, spelemann Gunnar Stubseid på hardingfele
Barn og voksne danser setesdalsgangar , Sæbyggjan 2012

Setesdal Spelemannslag har fått den ærefulle oppgåva å vere arrangør av ein av dei mest prestisjetunge folkemusikktevlingane i landet – Landskappleiken. Arrangementet vil gå føre seg på Hovden, og samla spelemenn, kvedarar, dansarar og folkemusikkentusiastar frå heile landet.

Frå stiftinga i 1930 til bevaring av folkemusikk og dansetradisjonar

Setesdal spelemannslag vart skipa 31. august 1930, under namnet Agder Spelemannslag. I 1935 blei namnet endra til Setesdal spelemannslag. Føremålet til laget er å samle spelemenn, kvedarar, dansarar og andre interesserte for å dyrke og ta vare på folkemusikk- og dansetradisjonen i Setesdal.

Æresmedlemmer er utvalde personar som har gjort ein ekstraordinær innsats for laget og forvaltninga av Setesdals folkemusikk og -dans.

Aktivitetar

Spelemannslaget står bak ei rekkje tradisjonsrike og populære aktivitetar gjennom året, som kappleikar, konserter og den hyggelege "jolepuben".

 

Desse arrangementa har blitt viktige samlingspunkt for både deltakarar og publikum, der musikk, dans og fellesskap står i fokus.

 

Gjennom desse aktivitetane held Setesdal Spelemannslag liv i den rike kulturarven og gir folk moglegheit til å oppleve og delta i tradisjonane på nært hald.

Kontaktskjema

Har du spørsmål eller ønskjer du å komme i kontakt med Setesdal Spelemannslag? Fyll ut skjemaet, så tek vi kontakt med deg så snart som mogleg.

bottom of page